Artister

 

Se også vår facebook side

Sponsorer

Fjellgarden Hovden

Fjellgarden Hovden

Mat laga for hand på garden, med reine, lokale råvarer og kjærleik til god mat.

http://www.fjellgardenhovden.no

 

 

Gardsdrift (sau og hest)

Gardsbutikk
Slakteri
Den Gamle Gaard
Hytteutleige
Jakt & fiske
 
 
 
Fjellgarden Hovden ligg høgt til fjells, og har rike tradisjonar innan fjellandbruk og gardsturisme. Garden har store areal dyrka mark, skog, beitemark og areal for jakt på småvilt, villrein, elg og hjort. Også innan fornybar energi er bruket aktivt, og 3 minikraftverk er under utvikling.
 
BUTIKK OG SLAKTERI
 
Fjellgarden har eigen gardsbutikk med sal av eigenproduserte varer som spekemat, pinnekjøt, viltkjøt, lammekjøt og pølser. Me har også eit utval varer frå andre produsentar i Setesdal, som ost, smør, is og potetar. I tillegg sel me saueskinn frå dei flotte spelsauene våre, samt nokre bilete og andre produkt. Rolf Arne er pølsemakarmeister og slaktar, med stor lidenskap for faget sitt. I nytt driftsbygg blir det produsert eigne varer for sal. Garden har godkjent viltslakteri, samt røykestoge der kjøtet kan røykast på ekte setesdalsvis.

 

DEN GAMLE GAARD
 
Dette er eit tradisjonelt lafta Setesdalstun fylt av historie. Her er årestove med  god stemning rundt den opne elden i grua, samt nystove der me kan dekke opp for ulike arrangement. Frå tunet er det vidt utsyn til heiane rundt.
 
www.fjellgardenhovden.no - post@fjellgardenhovden.no - tel 901 90 771

Vi trenger deg

Dark Season søker flere gode folk til å være crew under Dark Season festivalen i Kristiansand. Kommer du? Les mer om arbeidet her

Samarbeidspartnere